26 personar deltok på den 4. serieturneringa – dette er ny rekord i år. Sommarveret og stemninga var på topp og funksjonærane er blitt skikkeleg drilla på resultat, med andre ord ein vellukka kveld på golfbanen og i Lunden. Kveldens vinnarar vart Randi Hjemlestad og Sveinung Fagervik. Dei andre resultata finn du som vanleg i Golfbox.
Avslutningsturnering og dugnad søndag 1.nov kl 12.00
Sesongen går mot slutten og søndag kl 12.00 vert det dugnad på golfbanen og deretter ein liten turnering kl. 14.00. Me skal klargjera driving-range før vinteren og stenging. Arbeidet som må gjerast er spesielt å få plukka opp så mange plugga baller på driving-range og...


