Rekordstort oppmøte på Grillturneringa 21.06

23. juni, 2025

Laurdag 21.06 gjekk grillturneringa av stabelen på Børve. Med nærare 40 spelarar påmeldt er dette rekord, ekstra kjekt var det at store delar av deltakarane var yngre golfarar! Klubbsjef Harald Buene fortalte under grillmiddagen at han håpar at ungdommen fortsett å vere med på turnerningane framover.

Deltakarane på turneringa fekk bryna seg på den nye vegen ved dogleggen på hol 1 som vart ferdig på dugnad fredag. Klubben rådar til å nytta seg av den nye vegen i staden for stien og trappa som er blitt benytta tidelegare.

Under middagen fekk Hardanger Golfklubb overlevert ei gavesjekk frå Sparebanken Norge! Dette gjer klubben moglegheit til å vidare utvikla seg, tusen takk for det!

Andre innlegg

NYTT VTG-KURS

VTG-kurs 06.09.25 kl 11.00Kurset består av litt teori og opplæring av grunn slagene putting, chipping, bunkerslag og jernslag.I kurset får du:-VTG-kurs-Medlemskap 2025-Selerett 2025Etter kurset skal ein gå 18 hol på ein golfbane med fadder For info og påmelding: tlf...

Kjære medlemmer

Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at det av og til er folk ute på bana som ikkje har registrert seg i Gimmie. Dette skaper litt frustrasjon, spesielt når andre har registrert seg og må vente ved hol 1 fordi det allereie er grupper i gang.Vi har òg sett at det i...

Vegen til golf (vtg-kurs) 10.mai

Vtg-kurset vert gjennomført 10.mai 11.00-19.00. For å bestå kurset må du få nødvendig golfinstruksjon på kursdagen, og i tillegg spela to runder på banen saman med “fadder”. For meir info og påmelding, ring Harald Buene tlf 99384085