22 deltakarar var spente på kva overraskelse turneringsleiaren, Lars Audun Torvik, hadde å servere i Lunden før start, for dette var jo turnering med surprise. Det viste seg at utøvarar fekk 6 kast (ja, du les rett) som ikkje skulle teljast med i sluttresultatet, og som dei kunne bruke kvar dei ville på banen. Eksempelvis på hol 3 eller 6, viss du slo ballen på green på første slaget kunne du kasta den i koppen og få HIO. Eller viss du slo ut i kvitt kunne du kaste den innatt uten straff. Turneringa var ikkje HC teljande. Kveldens vinnarar/beste kastarar vart Astrid Sundfjord og Bjarte Døssland. Sistnevnte oppsummerte at det hadde vore ein flott kveld på banen! Me gratulerer begge to!
🎯 Target Zone!
No er Target Zone på plass på drivingrangen. Her kan du trena presisjon og lengdekontroll mot faste avstandar: 🟢 Grøn – 50 meter⚫ Svart – 70 meter🔵 Blå – 90 meter🔴 Raud – 110 meter🟡 Gul – 130 meter Målet er enkelt: Treff blinken og bli tryggare på innspela dine. Dette...


