Kvar tirsdag kl 18 er det barnegolf på golfbanen på Børve. Denne tirsdagen var det full aktivitet, først med litt individuell instruksjon på driving rangen av trenar Michael Iversen, for så å gå ut på hol 3 og prøve å slå frå den nye “Oransje Tee”. Alle hol har no fått oransje tee eller junior tee, noko som ivrige forledre syns var veldig bra. Klart meir motiverande når du kjem fram til green på 3 slag i staden for 5. Neste gong skal dei øve meir på gras, og gå på eit nytt hol. Vil du vere med, er det berre å møte opp!
Serieturnering nr 3, 2026
Onsdag 20.05.26 kl 18.30 er det klart for serieturnering nr 3. Påmelding i Golfbox innan onsdag kl 12.00.Meld deg på her. Turneringa har både herre, dame og juniorklasse. Det er det sosiale som er det viktigaste med turneringar, og det er kjekt og lærerikt å spele med...




