Denne veka skjer det mykje på golfbanen. I dag, tysdag 25.mai kjem det først elevar frå Kvam vgs klokka 13.40-15.00 og skal få opplæring i golf. Seinare i dag, klokka 18, er det både Barnegolf og Minglegolf. Her er du velkomen sjøl om du ikkje har vore med før! Onsdag er det “Chip og Putt” konkurranse klokka 18, og her melder du deg på i Golfbox. Torsdag kjem elevane frå Kvam vgs (13.40-15.00) og skal ha ein ny runde med opplæring. Fredag klokka 18.00 er det “Vegen til Golf” kurs, og dei held fram lørdag og søndag. Kurset er fullt, men vi prøver å få til eit i juni og, så følg med!
🎯 Target Zone!
No er Target Zone på plass på drivingrangen. Her kan du trena presisjon og lengdekontroll mot faste avstandar: 🟢 Grøn – 50 meter⚫ Svart – 70 meter🔵 Blå – 90 meter🔴 Raud – 110 meter🟡 Gul – 130 meter Målet er enkelt: Treff blinken og bli tryggare på innspela dine. Dette...