Lyst til å begynne med golf?

7. juni, 2021

No er det siste sjanse før sommaren! Fredag 18. juni klokka 17.30 arrangerer vi dag 1 av “Vegen til golf” (VTG) kurs. Les meir her. VTG består av eit teorikurs som du tek på nett (sjå linken) – du må logge deg inn med Idrettens ID og eventuelt lage deg ein ny brukar viss du ikkje har vore inne før. Vi hjelper dei som melder seg på. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg gjennom diverse slag og reglar, slik at du er klar til å gå ut på banen. Kurset er ope for alle, og vi har utstyr du kan låne gratis. Dag 2 blir søndag 20.juni og tidspunkt avtaler de fredagen.
Vi har same prisane som i fjor, dvs kr 1900 for dei over 18år og kr 600 for dei frå 12 til 18. Dette inkluderer spelerett i 2021 og 2022 (viss du betaler medlemsavgift i 2022). Meld deg på til hardangergolfklubb@gmail.com så snart som mogeleg (Max 10 deltakarar). Oppgjefullt navn, fødselsdato, adresse, tlf og e-post.

Andre innlegg

GOLFKURS

Det vert golfkurs i år også. Kurs 1 er 5.april 11.00-19.00. Kurs 2 er 26. april. 11.00-19.00 For å bestå kurset må du få nødvendig golfinstruksjon på kursdagen, og i tillegg spela to runder på banen saman med "fadder". For meir info og påmelding, ring tlf...

DUGNAD 22.mars kl 10.00

På laurdag treng me folk som kan rydda skog, hogga skog, samt rydda kvistar og pas.Ta med hanskar rive og godt humør. Vel møtt!