Serieturnering 7 og 8

19. august, 2021

Skrivaren har hatt ferie og følgjeleg manglar det oppdatering frå dei to siste Serieturneringane. Onsdag 11.august var det Oddvar Vangdal og Rigmor Furnes Lunde som vann. Vi gratulerer! Denne kvelden var det med 5 damer og 13 menn, noko som må vera bra sidan ein del framleis hadde ferie.

Onsdag 18.august var to turneringar slått saman; 3-kølle og 8.Serieturnering. Tre damer og 19 menn slo seg gjennom 12 hol med berre 3 køller i baggen. Dei som takla dette best var Anette Gåsø Stuve og Christoffer Gjerde. Vi gratulerer!

Korleis alle dei andre gjorde det på desse to turneringane finn du i Golfbox.

Andre innlegg

Utsatt serieturnering

På grunn av dårleg vær samt at greenane vart pigglufta og dressa på laurdag, er onsdagsturneringa denne veka flytta til neste veke, dvs. den 17. juni. Påmelding i Golfbox innan onsdag 17. juni kl 12.00. Meld deg på her.

Arbeid på banen laurdag 06. juni

Laurdag vert det litt arbeid på golfbanen frå kl 13 til ca 17. Greener må holpipast og dressast. Dette er heilt nødvendig for å få fine greener denne sesongen. Arbeidet må dessverre gjerast når det er bra vær. Me mangler og 2-3 personer til å vera med på dugnad frå kl...