Tusen takk til alle dei 13 som møtte opp på dugnaden laurdag! Det vart rydda i skråningen ved rangen, plukka ballar på dei utrulegaste plassar, rydda rundt alle utslagsmatter, rydda i skråning ved dogleg hol 1 og begynt på sandkasse. Kaffidrøs med eplekake vart det og tid til. Banen er flott og vi satsar på å spele lenge enno!
Avslutningsturnering og dugnad søndag 1.nov kl 12.00
Sesongen går mot slutten og søndag kl 12.00 vert det dugnad på golfbanen og deretter ein liten turnering kl. 14.00. Me skal klargjera driving-range før vinteren og stenging. Arbeidet som må gjerast er spesielt å få plukka opp så mange plugga baller på driving-range og...





