Tusen takk til alle dei 13 som møtte opp på dugnaden laurdag! Det vart rydda i skråningen ved rangen, plukka ballar på dei utrulegaste plassar, rydda rundt alle utslagsmatter, rydda i skråning ved dogleg hol 1 og begynt på sandkasse. Kaffidrøs med eplekake vart det og tid til. Banen er flott og vi satsar på å spele lenge enno!
Påminning om betaling av medlemskap
Klubben manglar innbetalingar frå ein del medlemmer. Utan betalt medlemskap blir Golfbox stengt frå 01. juli for desse brukarane. Ein vil då ikkje kunne booke starttid på Børve eller på banar andre stadar.Det vil snart bli sendt ut purring. Sjekk epost/søppelpost og...





