Nytt «Vegen til Golf», startar tysdag 21.juni klokka 18 på banen på Børve. Vil du vera med må du sende påmelding med navn, fødselsdato, telefonnr, postadresse til hardangergolfklubb@gmail.comHer kan du lese meir om...
Dameturnering
Bjørnefjorden golfklubb inviterer til dameturnering søndag 12 juni klokka 10. Les alt om det her. Ladies-tour-Bjornefjorden-1Last ned
3 kølle turneringa
Det einaste dei 10 deltakarane hadde til felles denne solrike ettermiddagen var at alle hadde putter som ein av dei tre køllene dei kunne ha med seg. Resultata varierte frå +1 til +16, så det er tydeleg at nokon kanskje har trent meir med berre tre køller enn andre....
Serieturnering nr 3
Regnet slutta som bestilt og 17 personar nytta høvet til å konkurrere. 14 menn og tre damer gjekk to rundar, og Jostein Solberg og Marit Sandven Oma var dei dyktigaste denne gongen. Vi gratulerer! Resten av resultata finn du i Golfbox. Neste serieturnering er onsdag...
Golfinstruksjon med Jon Klyve torsdag 2. og søndag 5. juni kl. 18-20 begge dagar
Det blir grupper på 4-5 og ein times instruksjon. Meld deg på med sms til 952 33 871 og sei kva dag og klokkeslett (18 eller19) du vil. Kanskje du tok VTG i fjor eller i år og føler deg litt rusten i slaga? Då er dette eit kjempetilbod, og det er heilt gratis! Oppmøte...
Hjartestartar
Hardanger golfklubb har fått hjartestartar av SparebankenVest. Hjartestartaren vil bli plassert i Lunden, tilgjengeleg for alle. Det vil bli skilta frå gangvegen slik at alle som er i området og har bruk for den, finn den lett. I tillegg vil den bli å finne i...
Vellukka VTG kurs
Ni personar deltok på det første kurset som no er i avslutningsfasen. Over halvparten av deltakarane var under 25år, noko som tyder på at golf vert meir og meir populært blant ungdommar. Det kan vi like. Instruktøren, Harald Buene, let berre vel om elevane sine. I dag...
Seniorturnering nr 1
Vel blåst for den første av seks seniorturneringar i år. 12 menn og 3 damer stilte på rangen. For nokon var det første konkurranse i år, men det såg ikkje ut til å vera til hinder. Det gjorde heller ikkje litt »rufsete» greenar. Regnet heldt seg og vekke, så kvelden...
Serieturnering nr 2
12 menn pg 4 damer deltok trass regn og surt ver i går kveld. Vinnarane vart Randi Hjemlestad i kvinneklassen og Reidar Østebøvik i herreklassen. Vi gratulerer! Neste serieturnering er 18.mai, men før det er det seniorturnering komande mandag, dvs 9.mai. All påmelding...
Første serieturnering
Vart avvikla i fint vårver i går kveld, onsdag 27.april. 14 deltakarar rista av seg vinteren og stilte til start. Ein del rustne slag vart det, men alt i alt var deltakarane nøgde. Vinnarane vart Hermann skeie i herreklassen og Rigmor Lunde i dameklassen. Vi...
Lyst til å begynne med golf?
No har du sjansen! Første nybegynnarkurs «Vegen til Golf», startar tysdag 3.mai klokka 18 på banen på Børve. Vil du vera med må du sende påmelding med navn, fødselsdato, telefonnr, postadresse til hardangergolfklubb@gmail.com Her kan du lese meir om kurset...
Banen er opna!
Stor takk til dei 19 som møtte fram på dugnaden i dag og klargjorde banen for spel! Sikringsnettet vart hengt opp etter alle kunstens reglar frå 23 meters høgd! Så no kan du trene frå driving rangen og! Velkomen! I kalenderen vår ser du komande turneringar - påmelding...