Nye prosjekt på golfbanen

I haust fekk vi midlar av Kvam herad til å lage eit overbygg over inngangsrampen til «Lunden» (offentleg terrassebygg, HC toalett, kjøken).Lunden er mykje brukt av turgåarar i området då det er tilgjengeleg for alle som ynskjer. Eit overbygg over inngangsrampen vil...

Påfyll med Jon Klyve

Dette er utsett ei veke grunna snø - dei berørte skal ha fått mail om det. Vi har framleis eit par ledige plassar! Golfsesongen er rett rundt hjørnet, og då er det godt vi har ein Norgesmeister i klubben, Jon Klyve, som vil dra dykk i gang att. Han tek 3 personar...

Sikringsnettet

Nettet er ødelagt av vinden - ikkje slå ut frå rangen når det går folk på vegen! Nettet blir reparert om få dagar.

Drivingrangen

er no open for sesongen! Ballmaskina ynskjer deg velkomen til å bruke kort eller telefon til å betale med, og Lunden er open viss du vil ha ein pause. Velkomen til ein ny sesong på golfbanen!

Golfbanen

Banen er veldig fin trass mykje regn i det siste. Desse karane nytta høvet til å ta seg ein runde mellom bygene i går. Planen er å opne drivinrangen på onsdag (31.03.)

Norsk seniorgolf (NSG) inviterer til lagserie!

Alle som har lyst, kan vere med, einaste kravet er at du er medlem i NSG. Det er både mix-klassar og reine dameklassar. Les meir i vedlegga, meld deg inn i NSG og snakk med andre om det. Er de to eller fleire, kan de melde dykk på. Informasjon-om-NSG-lagserie-2021Last...

Golfbanen er vinteropen, og vi har no laga vintergreen!

Drivingrange er stengtBruk vintergreen som er markert med flagg og holkoppUnngå oppslått torv, pegg opp på fairwayBegrens nedslagsmerke på greenIkkje spel på golfbanen ved frost eller rim på bakken Bildet vart teke 2.mars av Vidar Østerbø

Er du over 50?

Då kan det vere aktuelt for deg å bli medlem i Norsk Seniorgolf (NSG). Som medlem får du tilbod om å konkurrere med andre seniorar, tilbod om å spele rimelegare på mange banar til visse tider og ein god del meir. Les meir her Bildet er tatt av Stefan Waldvogel Stefan...

Protokoll frå årsmøtet

Årsmøtet vart gjennomført digitalt på  https://grannehjelpa.whereby.com/solhaug 18.februar 2021.Her finn de referatet med underskrifter

Trenarutdanning – Noko for deg?

Golfforbundet arrangerer Trenar1 utdanning på Fana golfklubb! Det er to samlingar, 23-25.april og 11-12.september. I tillegg kjem to teoriøkter på nett, 14.april og 7.september. Ta kontakt snarast via hardangergolfklubb@gmail.com dersom du er interessert. Det er ikkje...

Årsmøtet 18.02. klokka 19

Årsmøtet vert digitalt på  https://grannehjelpa.whereby.com/solhaug Det er lurt å logge inn i god tid. Du kan vere på pc eller på telefon. På PC er det viktig at du brukar nettlesaren som heiter Google Chrome. Vanlegvis er det berre å klikke på linken og ha på...

Årsmøte

Styret kallar inn til årsmøte torsdag 18.februar kl 19. Vi kjem attende til om det blir eit fysisk eller eit digitalt møte. Dette vil vere avhengig av Covid-19 restriksjonar. Saker som eit medlem ynskjer å ta opp, må sendast til hardangergolfklubb@gmail.com innan...