Grunna dårleg oppmøte tysdagar og kollisjon med diverse andre aktivitetar, prøver vi oss med mandagar i staden. Same tid, dvs klokka 18, og same stad, dvs på driving rangen, men mandag! Velkomen!
5.Seniorturnering
gjekk av stabelen i strålande haustver med 25 deltakarar (19 menn og 6 damer. Banen viste seg frå si beste side med supre fairwayar og flotte greenar. «Det er så fin bane og så fin utsikt at eg blir alltid i godt humør her oppe, uansett kor dårleg eg slår» var det ein...
Denne veka
I morgo, mandag 23.august er det nest siste seniorturnering! Meld deg på i Golfbox. Tysdag er det Barnegolf igjen klokka 18! Alle er velkomne! Torsdag er det mest truleg årets siste "Vegen til Golf" kurs med start klokka 17.30 på rangen - les meir i eigen post på...
Årets siste “Vegen til Golf” (VTG) kurs
Endeleg, no får du høve til å lære deg golf. Vi skal ha nytt kurs med oppstart torsdag 26.08.2021 kl 17.30 på driving rangen. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg trygt gjennom utstyr, slag, reglar og det du elles må kunne for å gå ut på banen. Dag...
Grillturneringa
10 par deltok i dagens scramble turnering i strålande vêr! Dagens vinnarpar vart Marit Slaattelid Skeie og Heine Buene! (I midten på bilete) Vi gratulerer! Dei andre para på bilete; Vigleik Skeie og Bjarte Døssland, Gert Remeijer og Reidun Skålheim Solberg vart...
Serieturnering 7 og 8
Skrivaren har hatt ferie og følgjeleg manglar det oppdatering frå dei to siste Serieturneringane. Onsdag 11.august var det Oddvar Vangdal og Rigmor Furnes Lunde som vann. Vi gratulerer! Denne kvelden var det med 5 damer og 13 menn, noko som må vera bra sidan ein del...
Grillturnering
Skal du vera med på grillmat og ikkje berre golf, må du melda deg på til Bjørg Døssland tlf 93068439 innan torsdag 19.08.
Avlyst
3-kølle turneringa som skulle vore i dag, søndag, er avlyst. I staden vert den flytta til onsdag 18. og tel som Serieturnering. Påmelding i Golfbox!
Ei travel veke
Denne veka skjer det mykje for golfarar: i dag, søndag, er det 3-kølle turnering, mandag pokalkamp mot Bjørnefjorden, tysdag barnegolf, onsdag Serieturnering og lørdag grillturnering! Påmelding til alle aktivitetane unnateke pokalkampen og Barnegolfen, skjer i...
Grillturnering
Start lørdag 21.8 kl 15.00. 12 hol - grillmat kl 18.00/19.00 ca når maten er klar. Scramble. Individuell påmelding. Laga vert sett saman av arrangøren. Påmelding i Golfbox!
Tysdag 17.august
Endeleg startar barnegolfen att! Tysdag 17.august er du som er mellom 6 og 12 år velkommen. Du kan koma sjøl om du ikkje har vore med før. Vi har utstyr du kan låne. Starttidspunkt klokka 18. Velkomen!
Turgåarar og golfarar
Den siste tida har vi i styret i golfklubben fått meldingar om at golfarar har «kjefta» på turgåarar. Dette er heilt uakseptabel oppførsel av golfarane, og vi beklagar oppførselen. Til dykk som er unge og utolmodige golfarar vil vi seie, for det første er det de som...