Seniorturneringa i går

hadde 20 deltakarar, og det er bra så tidleg i august. Det var tydeleg å sjå på resultata at mange hadde trent mykje i løpet av sommaren. Veret var som vanleg på vår side og stemningen var god! Bjørg og Bjarte Døssland vann begge sine klassar, så kanskje det vart...

Vegen til Golf (VTG) kurs

Endeleg, no får du høve til å lære deg golf. Vi skal ha nytt kurs med oppstart torsdag 26.08.2021 kl 17.30 på driving rangen. Harald Buene, som har trenar 2 utdanning i golf, tek deg trygt gjennom utstyr, slag, reglar og det du elles må kunne for å gå ut på banen. Dag...

Privat veilledning?

Harald Buene kjem til bygda no, og kan vere med og hjelpe deg med det du strevar med på golfbanen. Han er tilgjengeleg 1,2,3,4 august etter kl 1600, og legg opp til 30 min instruksjonar til ein pris på 150,- Viss du er interessert, avtalar du med Harald direkte, sms...

Seniorturneringa

Startar førstkomande mandag klokka 18! Alle som er 50 år og eldre kan delta - bli med då vel! Dette er ein uhøgtidleg konkurranse, og det er kaffi mm både før og etterpå. I tillegg trekkjer vi ein premie på scorekort blant dei som er att i Lunden til slutt. Meld deg...

Siste Serieturnering før ferien

24 varmegrader hindra ikkje 17 spelarar i å delta i går kveld. Det er litt færre enn vanleg, men forståeleg både pga varmen og feriestart. To av dei som var med, deltok for første gong. Jarle Ystebø gjekk i flight med Geir Leivestad, og det viste seg at dei hadde teke...

Dugnadsliste ballplukking

Lurer du på når det er din tur til å rulle ut maskina som plukkar ballar? Her finn du svaret. Maskinell-ballplukking-dugnadsliste-2021Last ned

Pokalkamp mot Bjørnefjorden

Det var Pokalkamp mot Bjørnefjorden GK i går. Gert Remeijer spelte spesielt godt, og saman med Erling ( hole in one-Erling) vart dei beste par. Dessverre tapte Hardanger golfklubb med to slag likevel, men ingen grunn til å fortvila for det kjem omkamp til hausten!

Barnegolfen

Vi har no teke sommarferie, men held fram til hausten når skulen startar att. Då blir det trening kvar veke i alle fall til haustferien. Å vere med kostar 300kr for heile året og fritidskortet gjeld. Instruktøren, Michael Iversen, har hatt frå 8 til 4 ungar i alderen...

Vegen til golf

kan vera kronglete og krevja mykje både fysisk og ikkje minst psykisk. I følgje instruktøren, Harald Buene, sit 80% i hovudet, så viss du ikkje er konsentrert om kvart slag, er du, eller rettare sagt ballen, på ville vegar. 22 personar, unge som gamle, har i løpet av...

Sakna

Eit medlem har mista solbrillene sine og saknar dei sårt, for dei er med styrke. Finn du solbrillene, som er brune/gyldne, eller har du sett dei, send ei melding til hardangergolfklubb@gmail.com

Serieturnering m/vri!

22 deltakarar var spente på kva overraskelse turneringsleiaren, Lars Audun Torvik, hadde å servere i Lunden før start, for dette var jo turnering med surprise. Det viste seg at utøvarar fekk 6 kast (ja, du les rett) som ikkje skulle teljast med i sluttresultatet, og...

Berre 4 ledige plassar att!

No er det siste sjanse før sommaren! Fredag 18. juni klokka 17.30 arrangerer vi dag 1 av "Vegen til golf" (VTG) kurs. Les meir her. VTG består av eit teorikurs som du tek på nett (sjå linken) - du må logge deg inn med Idrettens ID og eventuelt lage deg ein ny brukar...